NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 18.04.2024 02:19


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Sopp        Stilksporesopp        Skivesopp        Sølvglans på søtmispel

Sølvglans på søtmispel

Chondrostereum purpureum

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
Talgø, V. & Stensvand, A.
OPPDATERT:
9. mai 2017

Sølvglans som er årsaka av soppen Chondrostereum purpureum, er ein relativt vanleg og svært skadeleg sjukdom i fleire treaktige prydplanter og i alle fruktartane våre. I 2007 fann vi omfattande skade av sølvglans på eldre planter av søtmispel (Amelanchier sp.) i ein hekk på Ås.

Symptom

Ved angrep av sølvglans vert det holrom mellom det ytre cellelaget (epidermis) og resten av bladplata, fordi epidermis losnar frå cellelaget under. Blada vert sjåande matte og litt sølvaktige ut. Det at epidermis losnar, skuldast eit giftstoff som soppen produserar. Giftstoffet når fram til blada gjennom leiingsvevet (saftstraumen).

Når buskane er i ferd med å dauda heilt ned, dukkar det opp tett i tett med kjuker oppover stammene. Kjukene vert berre nokre få cm i diameter og er flattrykte. På oversida er dei litt lodne, mørke innerst og gråkvite til rosa langs randa. Undersida er glatt og purpurfarga. Det vert danna ein usymmetrisk, mørk misfarging i veden på infiserte stammer.

Søtmispel er som regel svært friske planter både som hekk og frittståande buskar, men i tillegg til sølvglans har vi observert raud vortesopp (Nectria cinnabarina) og litt mjøldogg (Podosphaera clandestina).

Raud vortesopp kan veksa inn i friskt vev, men lever som regel av daudt plantemateriale (saprofytt), og har truleg kome inn i søtmispelhekken fordi plantene var svekka av sølvglans og såra etter skjering. Raud vortesopp er vanleg på ei rad grøntanleggsplanter, spesielt i tette, skorne hekkar.

Mjøldogg er så langt ikkje noko stort problem på søtmispel i grøntanlegg, men det er observert til dels store skadar på planter i planteskular. Det kan lesast om mjøldogg på søtmispel og andre grøntanleggsplanter i Bioforsk Tema nr. 1 i 2008 (http://www.bioforsk.no/ikbViewer/Content/34579/Tema_3_1_mjoldogg_granl_v4.pdf ).

Biologi

Soppen overvintrar som sopptrådar (mycel) i sjuke planter, og spreier seg til nye planter ved rotkontakt eller med sporar frå kjukene. Sporane kan infisera sårflater etter skjering eller greinbrot dersom det er fuktig ver og over 0° C. Sølvglans gjer mest skade i fuktige vekstsesongar, så på Austlandet var 2007 eit perfekt år for soppen i så måte.

Vertplanter

Sølvglans er vanleg på frukttre, spesielt på plomme og søtkirsebær, men også eple, pære og surkirsebær kan få angrep. Soppen er også registrert på solbær, rips, gran, furu og mange lauvtre. I grøntanlegg i Noreg er soppen tidlegare mellom anna funnen på kornell, mispel, syrin, rose, trollhegg, prydeple, lind, bjørk, poppel og pil.

Bekjempelse

Sølvglanssopp kan smitta mellom ulike vertplanter (ikkje artspesifikk), så det er også viktig å stogga angrepet for å verna andre, mottakelege planteartar i hagen eller anlegget:

  • Skjer av greiner med sølvglans heilt ved basis dersom dei er misfarga inni. For raud vortesopp må ein skjera godt under det partiet på stammen som er skadd (±10 cm).
  • Dersom heile busken har angrep av sølvglans, må ein skjera av alle greinene heilt nede ved bakken og unngå at det står att stubbar (dekk eventuelt med litt jord). Viss det står att infiserte stubbar, vil det utvikla seg kjuker som spreier soppen vidare.
  • Smitta materiale bør brennast, køyrast bort frå hagen/anlegget eller dekkast godt til i ein varmkompost.
  • Ikkje mal opp infisert materiale til flis til gangstiar eller dekke i bed, fordi det utgjer ein stor smittefare.
  • Soppen er ikkje aktiv når det er frost, så til dømes etterjulsvinteren kan vera ei aktuell tid for skjering. Då unngår ein at sporar spreier seg og spirer i dei friske sårflatene.

                                    Oppdatert 2. mai 2011


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".

NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.

Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO