NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 29.03.2024 14:56


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Sopp        Sekksporesopp        Putesopp        Buksbomvisnesjuke

Buksbomvisnesjuke

Cylindrocladium buxicola

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
Talgø, V., Fløistad, E., Ørstad, K., Slørstad, T. & Stensvand, A.
OPPDATERT:
Før november 2013
I august 2010 vart det stadfesta store skadar av soppen Cylindrocladium buxicola på buksbom (Buxus sempervirens) i ein privathage i Oslo, og i september vart han funnen i Rogaland. I kjølvatnet av dette fann vi C. buxicola på importerte planter i fleire hagesenter i Akershus. Infiserte planter er difor truleg spreidde over store område og utgjer dermed eit sterkt smittepress på tidlegare etablert buksbom. Denne skadegjeraren er eit omfattande problem på buksbom i mange europeiske land, og er nok eit døme på korleis handel med planter spreier skadeorganismar.
  • None (Foto: E. Fløistad, Bioforsk)
  • None (Foto: E. Fløistad, NIBIO)
  • None (Foto: E. Fløistad, NIBIO)

Utbreiing

Etter at soppen vart funnen i september 2010 på ein prøve som kom inn til Planteklinikken frå ein privathage i Oslo, har vi også stadfesta soppen i Rogaland. Vidare er det gjort fleire funn i hagesenter i Akershus (figur 7-9), noko som gir grunn til å tru at infiserte planter no er distribuerte over store område.

I Europa vart C. buxicola først funnen i England (Henricot et al. 2000). Ein reknar med at soppen kom til Europa frå Amerika, der han er naturleg førekomande i Mexico og delar av Karibien. Soppen er no utbreidd i mange land i Europa og er også rapportert frå New Zealand (EPPO 2005).

Symptom

Angrep av C. buxicola fører til at blad og kvistar visnar (figur 1). På blada kjem det først til syne flekkar, ofte med ei mørk sone mot det friske vevet (figur 2), før heile blada visnar og vert gråaktige. Det vert ofte kraftig bladfall, og i alvorlege tilfelle kan heile planta døy.


Når infisert plantemateriale vert inkubert i fuktkammer (vassmetta luft og romtemperatur) i 1-2 dagar, vert undersida av infiserte blad delvis eller heilt dekka av eit lyst lag av sopptrådar (mycel) (figur 3). Slik soppvekst vil ein også kunna sjå i felt i fuktig, varmt vær. Det er spesielt i slike periodar sjukdomen utviklar seg. På skota vert det danna langsgåande, mørke striper (figur 4) der det tyt ut mycel når skota ligg fuktig.

På kunstig vekstmedium (agar) er soppen brunleg med lys rand (figur 5).

Biologi

Soppen spreier seg til nye område med infiserte planter, men lokalt spreier han seg ved hjelp av sporar (konidiar). Sporane vert danna i store mengder i mycelet i fuktige periodar. Dei er smale og avlange (figur 6). Vassprut og vind riv sporane laus og spreier dei til nye blad og skot. Sidan sporane er klebrige kan dei også spreia seg med insekt, fuglar og ved handtering av plantene, spesielt ved skjering/klypping. Dersom det er nok fukt når sporane landar på blad vil dei spira og senda sopptrådar inn gjennom spalteopningane. Buksbom er svært tett i veksten, noko som gir gunstige tilhøve for soppen; skugge, lunt og fuktig.


Cylindrocladium-artar generelt dannar kvilesporar som kan halda seg i live i jorda i ugunstige periodar for soppen, som ved tørke og mangel på vertplanter.

Bekjempelse

Dersom ein finn mistenkelege symptom, bør alt det sjuke materialet klyppast bort og fjernast frå området. Helst bør det brennast. Kompostering er ikkje godt nok utan at det vert varmkompostert. Konidiane vil ikkje overleve i ein vanlig kompostbinge eller jord, men for å drepa kvilesporar trengs det varme.


Unngå å arbeida med plantene i milde, fuktige periodar når sporeproduksjonen er på topp. Saksa bør desinfiserast mellom buskar når ein klypper bort sjukt materiale (til dømes ved å duppa ho i ei blanding av 1 dl vanleg hushaldsklor i 9 dl vatn).


Dersom ein må vatna plantene, bør ein unngå spreiarvatning, då dette fører til unødig fuktig bladverk og ideelle tilhøve for soppen.

Bruk av kjemiske middel er uaktuelt i privathagar, parkar og anlegg.


Frå England er det meldt at det ikkje fins resistente sortar av buksbom.


Avtalar for neste års import (2011) er allereie inngått, men vi vil oppmoda planteskular og hagesenter om å stilla strenge krav til eksportørane. Dei må kunna garantera at materialet er fritt for C. buxicola.


C. buxicola er artsspesifik. Det vil seia at han ikkje vil smitta til andre planteartar.

Litteratur

EPPO. 2005. Cylindrocladium buxicola is a new disease of Buxus: addition to the EPPO Alert List. EPPO Reporting Service 2004/123

Henricot, B., Pérez Sierra, A. & Prior, C. 2000. A new blight
disease on Buxus in the UK caused by the fungus Cylindrocladium
buxicola
. Plant Pathology 49: 805.

                              Oppdatert 11. november 2010

Bilder


None (Foto: E. Fløistad, Bioforsk)


None (Foto: E. Fløistad, NIBIO)


None (Foto: E. Fløistad, NIBIO)


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".

NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.

Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO