Utskrift 22.12.2024 06:05
Kirsebærmøll kan gjere stor skade i dei områda der den finst. Populasjonen av kirsebærmøll ser ut til å auke i Noreg, men utbreiinga er framleis spreidd og ujamn. I enkelte hagar kan ein ha totalskade, medan ein i hagar som ligg nær opptil ikkje har problem med kirsebærmøll.
Det vaksne kirsebærmøllet ligknar på rognebærmøll. Larvene er grønkvite på farge, er tjukkast på midten og er om lag 10 mm når dei er ferdig utvikla. Egga er små (0,7 mm) og olivengrøne på farge.
Sør-Noreg.
Knopp
Inngangsholet til kirsebærmøllarvene er rundt og lite. Egga klekker rundt svellande knopp, og holet er synleg ved sein svellande knopp/grøn spiss.
Blad
Larvene et på blada før dei har falda seg ut, og ofte er skaden på blada symmetrisk - same gnagskaden på kvar side av midtnerva.
Blom
Larvene et på arr og pollenberarar inni knoppen. Trea kan bløme, men det vert ikkje danna frukter. Ofte ser ein trådar (silketrådar) inni blomane etter at larvene har ete der.
Frukt
Oftast er larvene ferdig utvikla før fruktene (karten) vert danna, men av og til kan ein få gnagskade på fruktene. Skaden viser seg som små hol eller små prikkar på karten.
Skadepotensiale
Kirsebærmøll kan gjere stor skade i dei områda der den finst. Populasjonen av kirsebærmøll ser ut til å auke i Noreg, men utbreiinga er framleis spreidd og ujamn. I enkelte hagar kan ein ha totalskade, medan ein i hagar som ligg nær opptil ikkje har problem med kirsebærmøll.
Kirsebær.
Kirsebærmøll overvintrar som egg på søtkirsebærtrea. Egga klekkjer til larver kring sein svellande knopp, og larvene gneg seg inn i knoppane. Larvene er grønkvite på farge, er tjukkast på midten og er om lag 10 mm når dei er ferdig utvikla. Larvene slepp seg ned på bakken og forpuppar seg 5- 10 cm ned i jorda når dei er ferdig utvikla. Puppestadiet varer i om lag 2 veker.
Det vaksne møllet er på vengane frå slutten av juni til ut august. Egglegginga føregår i juli/august. Egga vert lagde under bark på 2-5 årige greiner. Hoene legg til saman 24-28 egg i 4-5 lag på ein stad. Då egga er godt gøymde og små (0,7 mm) og olivengrøne på farge, er dei svært vanskelege å finne.
Naturlege fiendar til kirsebærmøll kan vere nebbteger og edderkoppar som er tidleg ute om våren og fugl som et larver som er på veg til å forpuppe seg.
STADIUM | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Egg | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Larve | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Puppe | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Voksen |
Det er ikkje utvikla skadeterskel for kirsebærmøll i Noreg, men skadeterskelen i Sveits ligg på 20 % skadde knoppar inneverande år og 10 % skadde knoppar for neste år når ein undersøkjer 5 x 100 knoppar. Feromonfeller for vaksne møll er tilgjengeleg (http://www.phero.net/ og http://www.pherobank.nl/ ).
Vegetabilsk olje saman med eit kjemisk plantevernmiddel mot overvintrande egg vil redusere skaden av kirsebærmøll. Kjemiske tiltak mot larver bør setjast inn når larvene er små.
Oppdatert 9. mars 2011
Skade, kirsebærmøll (Foto: O. Sørum)
Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelse. Plantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".
NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.
Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO