Utskrift 22.12.2024 06:16
Epletege er utbreidd i alle fruktstrok, men er eit mindre viktig skadedyr samanlikna med hagetege. Det er stor variasjon i skade frå felt til felt, men skaden kan kome opp i 10-20 %.
Vaksen epletege: Oversida er einsfarga grøn, og den er 5,5-7,0 mm lang. Bein og sidekanten av dekkvengene er gule. Nymfene som er gulgrøne, går gjennom fem stadium før dei er vaksne og har fått fullt utvikla vingar.
Sjå fleire foto på dansk nettside:
Skot
Nymfene kan skade skot ved å punktere celler i blad i nye skot og slik stoppe veksten. Stikka fører også til deformert vekst.
Blad
Nymfene syg plantesaft ut av cellene i blada, dette fører til holete blad som vert misfarga brune og svarte. Svært angripne blad kan dø.
Frukt
Nymfeskade på frukter fører til deformerte frukter og danning av korkceller.
Skadepotensiale på eple
Epletege er utbreidd i alle fruktstrok, men er eit mindre viktig skadedyr samanlikna med hagetege. Det er stor variasjon i skade frå felt til felt, men skaden kan kome opp i 10-20 %.
Rips og solbær: Holete og fillete bladverk. Skaden er liten, men i usprøyta felt kan tegebestanden nå skadelege nivå.
Heile landet.
Eple, selje, alm, rips og solbær.
Epletege overvintrar som egg både på eple og fleire lauvtreslag. Egga er lagt på unge skot, men også på bark av greiner og midtstamme. Nymfene har ein stikke/suge munn og startar med å ete på overflata av blad i skota. Seinare et dei på kart. Nymfene er aktive og bevegar seg fort og har difor ikkje så mange naturlege fiendar. Edderkoppar og snylteveps er truleg dei viktigaste naturlege fiendane.
STADIUM | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Egg | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Nymfe | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Voksen | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Egg |
Tiltak bør setjast inn mot unge nymfer. Syntetiske eller biologiske middel som påverkar skalskiftet er effektive.
Publisert 14. januar 2009
Epleteger kan også forekomme i store mengder på solbær (Foto: N. Trandem. Bioforsk)
Epler med tegeskade (Foto: S. Mogan, LFR)
Epleteger kan også forekomme i store mengder på solbær (Foto: N. Trandem. Bioforsk)
Epletege (Danmarks Fauna)
Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelse. Plantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".
NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.
Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO