Utskrift 22.12.2024 06:32
Rognetege er naturleg knytt til rogn og hegg, men i år med lite eller ikkje bær på rogna fyk dei vaksne tegene inn i pærehagen og legg egga sine der. I slike år kan skade av rognetege verte stor. Skaden viser seg som «flatstein» i pærene.
Dei vaksne tegene er ljosegrøne med raudlege parti. Dei har ei brei kroppsform. Det innerste leddet på følehornet er sterkt forlenga og dei har ein bogeforma sidekant som endar i ei svart skulder på forbrystet. Nymfa er raud med breie svarte tverrstriper.
Sør for Trøndelag.
Frukt
Tegenymfene kan skade fruktene utover i juli, skaden viser seg som «flatstein» i pærene.
Skadepotensiale
Rognetege er naturleg knytt til rogn og hegg, men i år med lite eller ikkje bær på rogna fyk dei vaksne tegene inn i pærehagen og legg egga sine der (sjå omtale av rognebærmøll). I slike år kan skade av rognetege verte stor.
Rognetege har rogn og hegg som naturlege vertplanter.
Rognetege overvintrar som vaksne. Normalt legg dei egga sine på rogn eller hegg utover i juni månad. Egga klekker frå slutten av juni, og nymfene utviklar seg på trea. Dei vaksne tegene er ferdig utvikla i august. Tegenymfene kan gjere stor skade på pærene frå slutten av juni og ut i juli. Nymfene klarar ikkje fullføre livssyklusen på plantesaft av pære, og døyr i 2.-3. nymfestadium. Rognetegenymfene er ikkje like aktive som bladtegenymfene.
STADIUM | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Voksen | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Egg | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Nymfe |
Eit tiltak (som tek mykje tid) er å fjerne vaksne teger frå pæretrea før egglegging. Kjemiske tiltak bør setjast inn mot egg eller heilt nyklekte nymfer. Tidspunkt for tiltak mot rognetege samsvarar ofte med tiltak mot rognebærmøll i eple.
Publisert 14. januar 2009
Rognetege funnet på solbær (Foto: N. Trandem. Bioforsk)
Rognetege funnet på solbær (Foto: N. Trandem. Bioforsk)
Rognetege funnet på solbær (Foto: N. Trandem. Bioforsk)
Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelse. Plantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".
NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.
Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO