Utskrift 22.12.2024 12:26
Plomme.
Soppen overvintrar som sporar (konidiar) i barksprekkar og knoppskjel. Infeksjonar finn stad frå knoppsprett (når det viser i grønt på knoppane) til like før bløming. Sopptrådar (hyfer) veks fort gjennom dei unge fruktene og gjer at dei vert misforma. Det vert produsert sekksporar som formeirar seg vidare ved knoppskyting. Sporane er synlege som eit fløyelsgrått lag utanpå fruktene. Sjukdomen er mest problematisk når det er mykje regn og kjøleg om våren.
Symptom på fruktene kan vera synlege frå eit par veker etter bløming. Fruktene vert gulgrøne, misforma, langstrakte (speneforma) og gjerne krumbøygde og hole (utan stein). Etter kvart tørkar dei inn og vert mørkfarga av svertesoppar. Om hausten og vinteren kan misforma mørkfarga frukter hengja att i treet frå sesongen før.
På utsette sortar i nedbørrike område kan plommepung gje store avlingstap, og av dei viktige handelssortane er det ‘Mallard’ og ‘Edda’ som er mest utsette. Det er observert skade som liknar ferskenblære i plomme, med misforma blad , og danning av såkalla heksekostar i rotekte og småfrukta plommesortar, men det er sjeldan.
Dei fleste aktuelle sortane i dag er sterke mot plommepung. Nokre sortar som framleis kan vera i privathagar eller som vert nytta som spesialsortar og pollen, til dømes ’Blue Rock’ og ’Rivers Early Prolific’ er svært utsette. Av og til kan me finna frukter med plommepung på sortane ’Victoria’, ’Opal’, ’Reeves’ og ’Jubileum’.
Fjern villplommetre med plommepung i nærleiken av hagen. Skjer bort gamal fruktved på infiserte tre i hagen. Sprøyting med eit koparpreparat tidleg om våren har oftast god verknad.
Publisert 29. september 2013
Plommepung på Jubileum (Foto: J. Børve, NIBIO)
Plommepung (Foto: R. Langnes, Planteforsk)
Angrep av plommepung-soppen på skot av Mallard (Foto: J. Børve, NIBIO)
Plommepung som her på Mallard, vert synleg nokre få veker ettr bløming (Foto: J. Børve, NIBIO)
Frukter med plommepung, som her på Mallard, får eit grått belegg (Foto: J. Børve, NIBIO)
Plommepung (Foto: R. Langnes, Planteforsk)
Sterkt angrep av plommepung på Mallard (Foto: J. Børve, NIBIO)
Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelse. Plantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".
NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.
Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO