Utskrift 22.12.2024 11:11
Den vaksne pæregallmyggen er gråsvart med to langsgåande striper langs ryggen. Den er 2,5-3,5 mm lang og har mørke venger. De kvitaktige fotlause larvane lever mange saman inne i pærekart og blir ca. 3,5 mm lange.
Austlandet, Sørlandet, Vestlandet.
Frukt
Angripne frukter (kart) veks fortare, vert rundare og får oftare ein mørkare farge enn friske frukter. Dersom ein opnar fruktene (karten) finn ein dei uthola med ein mørk, svampete masse fylt med mange, kvite larver. Angripne frukter dett av før dei er modne.
Skadepotensiale
Dette er eit alvorleg skadedyr der den opptrer. Dei seinare åra har pæregallmygg vore mest vanleg i Ryfylke, men han var tidlegare vanleg utbreidd på Aust- og Sørlandet. I enkelte hagar kan pæregallmyggen øydelegge opp til 80 % av avlingane.
Pære
Pæregallmyggen overvintrar som larver inni ein kokong i jorda. Dei forpuppar seg tidleg på våren, og dei vaksne myggane kjem fram i mai like før bløming (ballong/byrjande bløming). Hoene legg 10-30 egg i kvar blom.
Etter ei vekes tid klekker larvene, og dei borar seg inn i fruktknuten. Inne i den unge karten et larvene opp fruktkjøtet nær kjernehuset, og karten får eit bulket utsjånad. Dei ferdig utvikla larvene gneg seg ut av karten og forlet denne (på treet eller etter at den er falle ned på bakken) ein gong i juni. Larvene grev seg nokre få cm ned i jorda og spinn ein kokong der dei overvintrar.
Rovbiller og edderkoppar er viktige nyttedyr som et larver og pupper i jorda.
STADIUM | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Larve | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Puppe | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Voksen | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Egg |
Ved å fjerne frukter med symptom før larvene går ut kan bestanden som overvintrar til neste år reduserast. Kjemiske tiltak bør setjast inn mot egg og/eller nyklekte larver.
Oppdatert 21. februar 2011
Skade, pæregallmygg (Foto: O. Sørum)
Skade, pæregallmygg (Foto: O. Sørum)
Pæregallmygg (Foto: N. Trandem. Bioforsk)
Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelse. Plantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".
NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.
Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO