NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 22.12.2024 16:25


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Sopp        Ursekksporesopp        Heksekostsopp        Plommepung

Plommepung

Taphrina pruni

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
Jorunn Børve & Arne Stensvand
OPPDATERT:
26. februar 2018
Plommepung er ein sjukdom på plomme forårsaka av heksekostsoppen Taphrina pruni. Soppen smittar i blomeknoppane og angripne frukter blir lange, gjerne krumbøygde (bananliknande) og hole (utan stein). Kjøleg vér og mykje regn tidleg om våren aukar angrepet. Sprøyting med koparpreparat før svellande knopp om våren har god verknad.
  • Plommepung på ‘Jubileum’ (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Plommepung (Foto: R. Langnes, Planteforsk)
  • Angrep av plommepung-soppen på skot av ‘Mallard’ (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Plommepung som her på ‘Mallard’, vert synleg nokre få veker ettr bløming (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Frukter med plommepung, som her på ‘Mallard’, får eit grått belegg (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Plommepung (Foto: R. Langnes, Planteforsk)
  • Sterkt angrep av plommepung på ‘Mallard’ (Foto: J. Børve, NIBIO)

Vertplanter

Plomme.

Livssyklus

Soppen overvintrar som sporar (konidiar) i barksprekkar og knoppskjel. Infeksjonar finn stad frå knoppsprett (når det viser i grønt på knoppane) til like før bløming. Sopptrådar (hyfer) veks fort gjennom dei unge fruktene og gjer at dei vert misforma. Det vert produsert sekksporar som formeirar seg vidare ved knoppskyting. Sporane er synlege som eit fløyelsgrått lag utanpå fruktene. Sjukdomen er  mest problematisk når det er mykje regn og kjøleg om våren.

Symptom/skadeverknad

Symptom på fruktene kan vera synlege frå eit par veker etter bløming. Fruktene vert gulgrøne, misforma, langstrakte (speneforma) og gjerne krumbøygde og hole (utan stein). Etter kvart tørkar dei inn og vert mørkfarga av svertesoppar. Om hausten og vinteren kan misforma mørkfarga frukter hengja att i treet frå sesongen før.

På utsette sortar i nedbørrike område kan plommepung gje store avlingstap, og av dei viktige handelssortane er det ‘Mallard’ og ‘Edda’ som er mest utsette. Det er observert skade som liknar ferskenblære i plomme, med misforma blad , og danning av såkalla heksekostar i rotekte og småfrukta plommesortar, men det er sjeldan.

Tiltak

Dei fleste aktuelle sortane i dag er sterke mot plommepung. Nokre sortar som framleis kan vera i privathagar eller som vert nytta som spesialsortar og pollen, til dømes ’Blue Rock’ og ’Rivers Early Prolific’ er svært utsette. Av og til kan me finna frukter med plommepung på sortane ’Victoria’, ’Opal’, ’Reeves’ og ’Jubileum’.

Fjern villplommetre med plommepung i nærleiken av hagen. Skjer bort gamal fruktved på infiserte tre i hagen. Sprøyting med eit koparpreparat tidleg om våren har oftast god verknad.

                   Publisert 29. september 2013

Bilder


Plommepung på ‘Jubileum’ (Foto: J. Børve, NIBIO)


Plommepung (Foto: R. Langnes, Planteforsk)


Angrep av plommepung-soppen på skot av ‘Mallard’ (Foto: J. Børve, NIBIO)


Plommepung som her på ‘Mallard’, vert synleg nokre få veker ettr bløming (Foto: J. Børve, NIBIO)


Frukter med plommepung, som her på ‘Mallard’, får eit grått belegg (Foto: J. Børve, NIBIO)


Plommepung (Foto: R. Langnes, Planteforsk)


Sterkt angrep av plommepung på ‘Mallard’ (Foto: J. Børve, NIBIO)


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".

NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.

Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO