Utskrift 22.12.2024 11:11
Store populasjonar av vanleg pæresugar kan føre til at store deler av pærene ikkje er salsvare på grunn av at dei er tilgrisa av svertesoppar. Mykje av grunnen til at populasjonen av pæresugar blomstrar opp er at det vert nytta kjemiske insekticid i pærer som drep naturlege fiendar.
Den vaksne sommerformen er ca. 3 mm lang, grøn som nyklekka, blir seinere gul-oransjebrun, med bleike striper langs ryggen. Forvengene er klare med tydeleg mørk flekk og mørke ribber. Nymfa er som ung gulaktig-lysegrøn. Som eldre er den bleik gulgrøn med gulbrune-mørkebrune flekkar og band på ryggen og vengeanlegga.
Sør-Norge
Skot
Suging på skot kan føre til redusert vekst.
Blad
Det set seg lett svertesoppar i honningdogget som pæresugaren skil ut, dette fører til at blada ser svarte ut ved kraftige angrep.
Frukt
Det set seg svertesoppar i honningdogget som pæresugaren skil ut på fruktene, og pærene ser svarte ut.
Skadepotensiale
Store populasjonar av vanleg pæresugar kan føre til at store deler av pærene ikkje er salsvare på grunn av at dei er tilgrisa av svertesoppar. Mykje av grunnen til at populasjonen av pæresugar blomstrar opp er at det vert nytta kjemiske insekticid i pærer som drep naturlege fiendar.
Pære
Vanleg pæresugar overvintrar som vaksen i barksprekker på pæretre eller under lauv på bakken. Vanleg pæresugar har to generasjonar i året i Noreg. Dei vaksne kjem tidleg fram om våren, og er aktive ved temperaturar over 10 °C. Dei startar paring og egglegging, og egga vert lagt på barken på kvistar. Dei fyrste egga klekkjer når dei fyrste blada kjem til syne (fyrste sommargenerasjon). Nymfene syg på skot og blad, og gjer lite skade på frukta. Når desse vert vaksne, legg dei egg på bladverket, normalt i midten/slutten av juni.
Nymfene som klekkjer frå desse egga (andre sommargenerasjon) gjer skade fordi dei sug på blad og pærekart og skil ut honningdogg som det set seg svertesopp i. Dei vaksne er ferdig utvikla tidleg på hausten, og desse overvintrar. Den viktigaste naturlege fienden til vanleg pæresugar er nebbtege, men også gullaugelarver, marihønelarver og blomsterflugerlarver er naturlege fiendar til pæresugar.
STADIUM | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Voksen | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Egg | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Nymfe | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Voksen | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Egg | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Nymfe |
Ein god bestand av nebbteger er eit viktig førebyggjande tiltak. Fosformiddel bør difor ikkje brukast i pære. Kjemiske tiltak bør setjast inn mot egg og nyklekte nymfer. Middel som forstyrrar skalskiftet er effektive.
Vanlig pæresuger, voksen hunn (Tegning: L. Hofsvang)
Nymfer av vanlig pæresuger sett gjennom lupe (Foto: N. Trandem. Bioforsk)
Voksent individ av vanlig pærsuger (Foto: N. Trandem. Bioforsk)
Hodet på vanlig pæresuger, hodetapper (pil) (Tegning: L. Hofsvang)
Vanlig pæresuger, voksen hunn (Tegning: L. Hofsvang)
Vanlig pæresuger, paringsorgan hos hannen, haletapp (Tegning: L. Hofsvang)
Framving , sommerform av vanlig pæresuger (Tegning: L. Hofsvang)
Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelse. Plantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".
NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.
Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO