NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 22.12.2024 01:10


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Sopp        Sekksporesopp        Mjøldogg        Mjøldogg på lønn

Mjøldogg på lønn

Erysiphe spp

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
Talgø, V., Stendvand, A. (Bioforsk Plantehelse) & Solfjeld, I. (Umb)
OPPDATERT:
Før november 2013

Vi har i årevis hatt angrep av mjøldogg på spisslønn og platanlønn i Noreg, men i 2006 påviste vi også angrep på naverlønn og sibirlønn på Ås. Særleg var sibirlønn hardt angrepen. Vi har ikkje påvist mjøldogg på naverlønn og sibirlønn tidlegare her i landet.

Symptom

Mjøldogg er ein av dei viktigaste soppsjukdomane i norske grøntanlegg. Mjøldoggsoppane er svært artsspesifikke. Det vil seia at mjøldogg frå ein planteart eller -slekt som regel ikkje smittar over på andre. På bladoversidene vert det danna eit gråkvitt, mjølaktig nettverk av sopptrådar (mycel) og sporar (konidiar). Unge skot kan også få mjøldoggangrep. Etter kvart vert det danna lyse sporehus (cleistotheciar) med sporar inni. Når sporehusa mognar, vert dei mørke.

Kraftige angrep av mjøldogg er svært skjemmande, ikkje minst på raudblada sortar. Når soppen dekkar store delar av bladplatene, går det ut over fotosyntesen og dermed veksten.

Vertplanter

Platanmjøldogg går, som namnet seier, på platanlønn (Acer pseudoplatanus) medan spisslønnmjøldogg går på spisslønn (A. platanoides) (Figur 1). Sporehus vi fann på mjøldogginfiserte blad av naverlønn (A. campestre) (Figur 2) og sibirlønn (A. tataricum ssp. ginnala) (Figur 3), tyder på at det var platanmjøldogg på begge desse artane. Litteratur frå utlandet stadfestar at platanmjøldogg kan gå på sibir- og naverlønn. Det har truleg skjedd ei genetisk endring hjå soppen slik at han har tilpassa seg dei nye vertplantene. Slike tilpassingar over tid er ikkje uvanleg for mjøldogg.

 

Biologi

Mjøldogg overvintrar som mycel i knoppar, blad og skot. På blad og skot kan soppen også overvintra ved hjelp av sporehus. Det er konidiesporane som spreier soppen i vekstsesongen. Dei spreier seg med vind i tørt, varmt vær. Kor viktige sporehusa er når det gjeld overvintring og spreiing av sporar, er meir uklart. For at sporane skal spira og infisera, må det vera høg luftfukt, men mykje vatn (regn eller spreiarvatning) vil hindra spiring.

Bekjempelse

Eit viktig tiltak mot mjøldogg er å syta for god skjering og med det god luftsirkulasjon og god tilgang på lys. Unngå også skuggefulle lokalitetar. Desse tiltaka vil redusera luftråmen og infeksjonsfaren, men husk at kraftig tilbakeskjering av tre og buskar vil stimulera tilveksten i trea, og det aukar faren for angrep av mjøldogg. Mykje nitrogentilførsel kan også gi same effekten.

I planteskular kan det vera aktuelt å sprøyta med kjemiske middel i periodar der ein kan forventa angrep eller når ein ser dei aller første symptoma. I grøntanlegg bør ein så langt det let seg gjera unngå bruk av kjemiske middel.

Val av resistente artar og kultivarar er det viktigaste mottiltaket. Treforsøksparken ved UMB er etablert som ein del av prosjektet "Planter for norsk klima". Der er det planta ulike kultivarar og frøkjelder av fleire lønneartar. I 2006 var det generelt mykje mjøldogg på ulike grøntanleggsplanter. Registreringar frå Treforsøksparken same året gir difor ein god peikepinn på kor utsette dei ulike lønneartane og -kultivarane er (Tabell 1). Berre to av nitten kultivarar og frøkjelder vart angrepne.

Tabell 1. Registreringar av mjøldogg på lønn (Acer) i Treforsøksparken ved UMB i 2006 (TM = trade mark/varemerkebeskytta, E(S) = E-plante frå Sverige)

Art                           Kultivar                        Mjøldoggangrep

A. campestre           "Elsrijk"                   Nei

                           "Queen Elizabeth"     Nei

                               "Red Shine"                     Ja

                               Uppsala E(S)                    Nei

A. freemanii     "Jeffersred Autumn Blaze"            Nei

A. negundo                   Alnarp E(S)                    Nei

A. platanoides               "Columnare"                  Nei

                              "Columnare" type II           Nei

                                  "Deborah"                     Nei

                                "Emerald Queen"             Nei

                                   "Eurostar"                    Nei

                                    "Olmsted"                  Nei

                                  "Royal Red"                 Ja

                                   Ultuna E(S)                 Nei

                                     Vestby                     Nei

A. rubrum       "Franksred" Red SunsetTM          Nei

A. saccharinum       "Born's Gracious"                 Nei

                               "Laciniatum Wieri"          Nei

                                 "Pyramidale"               Nei

                    Oppdatert 27. april 2011                  

                      


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".

NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.

Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO