Utskrift 24.11.2024 00:18
Sølvglans som er årsaka av soppen Chondrostereum purpureum, er ein relativt vanleg og svært skadeleg sjukdom i fleire treaktige prydplanter og i alle fruktartane våre. I 2007 fann vi omfattande skade av sølvglans på eldre planter av søtmispel (Amelanchier sp.) i ein hekk på Ås.
Ved angrep av sølvglans vert det holrom mellom det ytre cellelaget (epidermis) og resten av bladplata, fordi epidermis losnar frå cellelaget under. Blada vert sjåande matte og litt sølvaktige ut. Det at epidermis losnar, skuldast eit giftstoff som soppen produserar. Giftstoffet når fram til blada gjennom leiingsvevet (saftstraumen).
Når buskane er i ferd med å dauda heilt ned, dukkar det opp tett i tett med kjuker oppover stammene. Kjukene vert berre nokre få cm i diameter og er flattrykte. På oversida er dei litt lodne, mørke innerst og gråkvite til rosa langs randa. Undersida er glatt og purpurfarga. Det vert danna ein usymmetrisk, mørk misfarging i veden på infiserte stammer.
Søtmispel er som regel svært friske planter både som hekk og frittståande buskar, men i tillegg til sølvglans har vi observert raud vortesopp (Nectria cinnabarina) og litt mjøldogg (Podosphaera clandestina).
Raud vortesopp kan veksa inn i friskt vev, men lever som regel av daudt plantemateriale (saprofytt), og har truleg kome inn i søtmispelhekken fordi plantene var svekka av sølvglans og såra etter skjering. Raud vortesopp er vanleg på ei rad grøntanleggsplanter, spesielt i tette, skorne hekkar.
Mjøldogg er så langt ikkje noko stort problem på søtmispel i grøntanlegg, men det er observert til dels store skadar på planter i planteskular. Det kan lesast om mjøldogg på søtmispel og andre grøntanleggsplanter i Bioforsk Tema nr. 1 i 2008 (http://www.bioforsk.no/ikbViewer/Content/34579/Tema_3_1_mjoldogg_granl_v4.pdf ).
Soppen overvintrar som sopptrådar (mycel) i sjuke planter, og spreier seg til nye planter ved rotkontakt eller med sporar frå kjukene. Sporane kan infisera sårflater etter skjering eller greinbrot dersom det er fuktig ver og over 0° C. Sølvglans gjer mest skade i fuktige vekstsesongar, så på Austlandet var 2007 eit perfekt år for soppen i så måte.
Sølvglans er vanleg på frukttre, spesielt på plomme og søtkirsebær, men også eple, pære og surkirsebær kan få angrep. Soppen er også registrert på solbær, rips, gran, furu og mange lauvtre. I grøntanlegg i Noreg er soppen tidlegare mellom anna funnen på kornell, mispel, syrin, rose, trollhegg, prydeple, lind, bjørk, poppel og pil.
Sølvglanssopp kan smitta mellom ulike vertplanter (ikkje artspesifikk), så det er også viktig å stogga angrepet for å verna andre, mottakelege planteartar i hagen eller anlegget:
Oppdatert 2. mai 2011
Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelse. Plantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".
NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.
Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO