Utskrift 22.12.2024 06:02
Eple og pære, saman med ei rekkje lauvtre er vertar for frukttrekreft. Det er stor skilnad mellom eple- og pæresortar i kor mykje frukttrekreft dei utviklar og kor alvorlege symptoma er. Alle eplesortane me dyrkar i Noreg kan angripast.
Infeksjonar på trea kan skje storparten av året (når det ikkje er frost). Det må vera eit sår i treet for at soppen skal infisera. Slike sår kan vera mekaniske skadar, skjeresår, eller naturlege sår som arr etter knoppskjel, blad og fruktstilkar. Infeksjon av frukta kan skje gjennom blomen, sår i fruktskalet og gjennom lenticeller (skalpunkta som er naturlege opningar i fruktskalet).
Sporespreiing finn stad i fuktig vêr. Di lengre det er fuktig, di større fare er det for infeksjon gjennom sår. I ferske snitt etter skjering kan soppsporane verta trekte inn i vedrøyra med kapillærkrefter, slik at spiring er mindre avhengig av lengda av perioden med fukt på overflata.
Sporespreiing kan skje heile året. Det er det ukjønna stadiet (lyse puter med mycel og konidiesporar) som vert danna først etter ein ny infeksjon. Det kan skje etter berre 2-3 månadar. Det kjønna stadiet kan ein sjå som samlingar av små raude, runde sporehus (med sekksporar, også kalla askosporar), og det vert gjerne danna etter minst eit år. Spreiing av konidiesporar skjer over korte avstandar med regnsprut, mens askosporane vert spreidde over lengre avstandar med vind i fuktig vêr. Det er dokumentert spreiing av askosporar av N. ditissima opp til ein kilometer frå smittekjelda, men risikoen er størst di nærare smittekjelda den potensielle infeksjonsstaden er.
Det er vanleg å sjå eldre infeksjonar høgt oppe i trea, til dømes der toppstrengen har gnissa på hovudstamma, og yngre infeksjonar nedover i trea som har oppstått av smitte som har runne nedover i treet.
Det er stadfesta at epletre kan få infeksjonar av frukttrekreft i planteskulen, og at det kan gå opp til 3 år etter planting før dei vert til synlege kreftsår.
Nokre sortar har vekst av soppen i stor avstand frå kreftsåret. Det er synleg som brune parti i veden viss ein tek vekk barken. Dersom sjuke plantedelar vert skorne vekk, må det skjerast så langt ned at det ikkje lengre er synlege brune parti i veden.
På trea: Angrepet startar som små, innsokne, brunraude flekkar på skota. Desse utviklar seg raskt til ljosare brune parti i barken der det vert danna små, lyse puter med konidiesporar. På utsette sortar vil angrep på unge skot føra til at skota døyr ovanfor det angripne partiet. På mindre utsette sortar og eldre ved vil det normalt utvikla seg typiske kreftsår. Desse kan ha årringar av meir eller mindre oppsvulma bark rundt såret. I såra kjem det fram raude, runde sporehus av det kjønna stadiet som kan minne om egg av frukttremidd. Når soppen har vakse rundt og øydelagt barken heilt rundt greina, vil ho døy ovanfor angrepsstaden. Kor raskt utviklinga av kreftsåra går, avheng av sorten. Nokre sortar kan ha kreftsår på hovudstamma i mange år utan at dei døyr.
På fruktene: Soppen er årsak til ein blaut fruktròte. Dersom infeksjonane skjer tidleg etter bløming, vil ròten utvikla seg medan fruktene heng på trea, før hausting. Slike tidlege infeksjonar startar gjerne i begerenden av fruktene og kan minna om angrep av gråskimmel. Seinare infeksjonar vert utvikla under lagring. I hagar med mykje frukttrekreft på trea er det ikkje uvanleg med sterke angrep på fruktene også.
Skadepotensial
På unge tre er frukttrekreft svært øydeleggjande. Infeksjonar i hovudstamma fører anten til at trea døyr raskt eller at dei må fjernast fordi store delar av dei er daude. Smitte på unge tre kan koma med frå planteskulane. Seinare i omløpet til eit eplefelt er frukttrekreft normalt ikkje så alvorleg dersom sjukdomen vert handtert jamleg. Kreftsår som ikkje vert fjerna, kan gjera svært stor skade ved at greiner og heile tre døyr ut. Skadepotensialet er størst ved dyrking av svake sortar på tung og våt jord på fuktige lokalitetar. Tidlegare var det lite problem med frukttrekreft i indre Sogn og indre strøk av Austlandet. Dei siste 10-åra har me teke i bruk sortar som er meir mottakelege, og i kombinasjon med klimaendringar med meir nedbør og mildare vintrar, har dette ført til at frukttrekreft no er viktig i alle delar av fruktdyrkingsområda i Noreg.
Det er viktig at kvistbankar, grunnstammeprodusentar og planteskular har denne sjukdomen under kontroll, for å unngå at trea vert infiserte under oppalet. Det har vore fleire tilfelle med mange sjuke tre allereie året etter planting, og det vil seia at infeksjonane har skjedd ved oppal.
Plant frukttre på veldrenert jord på stader med god luftutveksling, slik at trea tørkar snart opp att etter regn. Ikkje plant for tett, og plant nye tre slik at dominerande vindretning ved fuktig vêr ikkje går frå eldre infisert hage til nyplantinga. Hald trea opne og luftige ved skjering. Skjer bort greiner med kreftsår så snart dei vert oppdaga. Skjer godt inn på frisk ved, ta kvisten ut av hagen, og komposter eller brenn han. Alle sår i barken er moglege innfallsportar for soppen. Greinskurv kan vera innfallsport for frukttrekreft. Rund staur for oppstøtting er betre enn staur med kantar. Støttesystem med streng må monterast slik at dei gjev minst mogleg gnissing og skade på trea. Fjern etikettar frå planteskular etter planting, og fjern oppbittings-materiale før det går inn i barken. Ved skjering bør snittet leggjast slik at såret helar så raskt som mogleg. Soppen kan infisera gjennom skjeringssår fleire veker etter skjering, og risikoen aukar ved fuktig vêr i samband med eller rett etter skjering. Soppen kan infisera sjølv om temperaturen er ned mot 0 °C. Skjer bort alle greiner med kreft, og reingjer saksa godt før skjering av friske greiner og tre dersom det er fare for at ho har fått soppsmitte på seg.
Alt som seinkar avmogninga av trea, kan auka faren for frostskade og med det gje innfallsportar for frukttrekreft. Unngå tilføring av nitrogen om ettersommaren og hausten. Ver særleg merksam ved jorddekke med til dømes grasklypp, då dette kan frigjera nitrogen lenge utover hausten.
Koparpreparat har god effekt mot frukttrekreft, og det kan også brukast i økologisk dyrking. I sesongen vil sprøyting mot skurv kunna ha effekt mot infeksjonar på frukter og hindra nye infeksjonar i sår i trea. Arra etter bladfall om hausten kan vernast mot infeksjonar med kopar. Arr etter plukking kan verta infiserte, men fordi det er vanskeleg å få gjennomført sprøyting på det tidspunkt er det ikkje lett å få verna slike sår mot infeksjon.
Publisert 17. september 2013
Infeksjon på fruktspore (Foto: J. Børve, NIBIO)
Frukttrekreft (Foto: R. Langnes, Planteforsk)
Fruktinfeksjon på Summerred (Foto: J. Børve, NIBIO)
Ungt kreftsår med ukjønna sporar (Foto: J. Børve, NIBIO)
Frukttrekreft (Foto: A. Stensvand, Bioforsk)
Kjønna sporehus er raude (Foto: J. Børve, NIBIO)
Greiner med kreftsår er smittekjelde for fruktinfeksjonar (Foto: J. Børve, NIBIO)
Lagerròte av frukttrekreft (Foto: J. Børve, NIBIO)
Greiner med kreftsår er smittekjelde for fruktinfeksjonar (Foto: J. Børve, NIBIO)
Det er vanleg at mindre greiner døyr ovanfor kreftsår (Foto: J. Børve, NIBIO)
Kreftsår på ungt tre (Foto: J. Børve, NIBIO)
Ved sterke angrep kan også eldre tre døy av frukttrekreft (Foto: J. Børve, NIBIO)
Det er vanleg at mindre greiner døyr ovanfor kreftsår (Foto: J. Børve, NIBIO)
Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelse. Plantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".
NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.
Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO