NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 22.12.2024 05:56


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Sopp        Stilksporesopp        Skivesopp        Sølvglans i frukt

Sølvglans i frukt

Chondrostereum purpureum

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
Jorunn Børve & Arne Stensvand
OPPDATERT:
22. februar 2018
Sølvglans er ein soppsjukdom som kan skada alle fruktartane, men det er mest vanleg å sjå plommetre med sølvglans. Symptoma av sølvglans er sølvfarga bladverk som kan variera i omfang frå ei og anna grein til heile tre.
  • Sølvglans Plomme (Foto: R. Langnes, Planteforsk)
  • Sølvglans på plommetre (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Sølvglanssopp på eplegrein (Foto: R. Langnes, Planteforsk)
  • Sølvglans på plommetre (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Sølvglans på plommetre (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Uregelmessig ròte inni veden i plommegrein (Foto: J. Børve, NIBIO)

Symptom

Sølvfarga blad kan både vera ein konsekvens av at trea har vore utsett for stress og at dei har angrep av sølvglans. Dei sølvfarga blada skuldast at det øvre laget av bladet vert skilt frå laget under og det kjem luft til. Ved angrep av soppsjukdomen sølvglans er det vanleg at ei og anna grein har angrep. Seinare kan heile tre ha slike symptom. Dersom det ikkje vert sett inn tiltak kan heile rekkjer med tre verta sjuke.

På daude stammer og greiner vert det ofte danna fruktlekamar av soppen, dei er skorpeforma (resipunat), og oftast med ein liten brem eller hatt, og dei er purpurfarga på undersida. Fruktlekamane er normalt ferdig utvikla om hausten. Undersøkingar i andre land har synt at dei spreier mest sporar seint om hausten og tidleg om våren. Tre med sølvglans utviklar ein uregelmessig ròte inni veden, meir i hovudstamma og store greiner enn i skot.

Angripne tre vil etter kvart stoppa å veksa og døy, eller delar av trea døyr.

Vertplanter

Alle fruktartane og mange andre lauvtre er vertplanterartar. Plomme får normalt lettare sølvglans enn dei andre fruktartane. Mellom plommesortane er det stor skilnad i kor utsette dei ser ut til å vera. Sortane 'Jubileum' og 'Reeves' har ofte meir sølvglans enn til dømes 'Opal'. Sølvglans i eple er ikkje vanleg, men det kan endra seg med sortsval. Sidan mange lauvtreartar kan få sølvglans, kan skog rundt fruktfelt vera smittekjelde.

Tiltak

For å unngå smitte i felta er det tilrådd å fjerna synleg sjuke greiner og evt. heile tre. Helst bør dei ut or frukthagen og gjerne brennast. Dersom daude tre får stå i fred og utvikla fruktlekamar vil dei vera ei viktig smittekjelde. Om mogleg bør daude tre i skogkantar rundt plommefelt fjernast. Sortar som er utsette for sølvglans bør skjerast i turt og kaldt ver. Såra er mottakelege for angrep dei første vekene etter skjering, og soppen spreier sporar ved regn heile året, men truleg mest seint om hausten og tidleg om våren.

Rein podekvist hindrar sølvglans under oppal og friske tre ved planting. Vi har ingen kjemiske tiltak mot sølvglans.

                    Publisert: 22. februar 2018

 

Bilder


Sølvglans Plomme (Foto: R. Langnes, Planteforsk)


Sølvglans på plommetre (Foto: J. Børve, NIBIO)


Sølvglanssopp på eplegrein (Foto: R. Langnes, Planteforsk)


Sølvglans på plommetre (Foto: J. Børve, NIBIO)


Sølvglans på plommetre (Foto: J. Børve, NIBIO)


Uregelmessig ròte inni veden i plommegrein (Foto: J. Børve, NIBIO)


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".

NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.

Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO