Utskrift 22.12.2024 10:58
Vaksne hanner har lys gråbrune venger med fleire bølgeforma tverrband og eit vengespenn på ca. 3 cm. Hoene har svært små og forkrøbla venger og kan ikkje fly. Framvengen målar kun cirka 2 mm.
Alle målarlarver har fleire (oftast fem) ledd (segment) utan bukføter, og går ved å «måle» seg framover (skyt rygg). Larvene til liten frostmåler er grøne med lyse og/eller mørke lengdestripar. Dei blir opp mot 2 cm lange som fullvaksne.
Blader
Larver av liten frostmålar klekker kring knoppsprett eller like etter, og kan såleis skade knoppane. Store hol i blada eller blad som er heilt oppetne er typisk for liten frostmålar. Larvene unngår i stor grad nervene (leiingsvevet), og et såleis mellom desse.
Blomar
Då larvene klekkjer så tidleg kan dei også skade blomeknoppar. Seinare kan dei ete opp fruktorgana i blomane.
Frukta
Larvene går ikkje inn i fruktene, men et på utsida. Det vert danna groper i fruktskalet. Etterkvart vert det korkdanning der som skaden er oppstått. Partiet med kork kan etterkvart tørke ut og sprekke opp.
Skadepotensiale
Liten frostmålar har svingingar i bestanden med topp kvart 9.-11. år. I dei åra det er herjingar, og i åra då bestanden er på veg opp, kan liten frostmålar føre til store økonomiske tap. Larvene kan renske trea for blad og blomar og slik redusere avlingane drastisk. Dei vil også i år med høg populasjon, mykje på grunn av vindspreiing, kunne gjere stor skade på sjølve frukta.
Over heile landet
Alle slags lauvtrær, inkludert frukttrær og bærbusker.
Liten frostmålar svermar frå oktober til desember. Dei vaksne hoene manglar venger, og kryp oppover trestamma etter at dei klekkjer frå pupper i jorda. Hannane kjem fykande til, og dei parar seg i trea. Frostmålarhoene legg egga sine i borksprekker på stamme og greiner. Egga overvintrar og klekkjer til larver tidleg på våren (rundt knoppsprett).
Alle målarlarver har fleire (oftast fem) ledd (segment) utan bukføter, og går ved å «måle» seg framover (skyt rygg). Liten frostmålar har mange vertsplanter og i herjingsår kan lauvtre i heile fjellsider vere snauetne. Larvene av liten frostmålar har evne til å forflytte seg ved å sleppe seg ned frå trea i ein sjølvspunnen silketråd, og la seg føre med vinden. Slik spreier eit angrep seg raskare, og eit angrep varer lenger. Klekking er temperaturavhengig, og larver høgare oppe i fjellsidene klekker seinare.
Både fugl, nebbteger, gullaugelarver, blomsterflugelarver, virus og bakteriar er naturlege fiendar til liten frostmålar.
STADIUM | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Egg | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Larve | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Puppe | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Voksen |
Då larvene lever på blad kan ulike tiltak nyttast mot desse. Middel som virkar på skalskiftet (hudskiftet), har mageverknad, kontaktverknad eller nerveverknad kan nyttast. Tiltak bør setjast inn mot små larver då dei er mest utsette, har kortare tid mellom kvart skalskifte og har gjort liten skade. Skadeterskelen ved bankeprøve på tett klynge ligg på rundt 30 larver.
Publisert 2. mars 2011
Skade av liten frostmåler i frukttre (Foto: O. Sørum)
Liten frostmåler (Foto: O. Sørum)
Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelse. Plantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".
NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.
Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO