NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 22.12.2024 16:00


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Dyreriket        Insekter        Tovinger        Fluer        Båndfluer        Kirsebærflue

Kirsebærflue

Rhagoletis cerasi

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
Gunnhild Jaastad
OPPDATERT:
Før november 2013

I Noreg er ikkje populasjonen av kirsebærfluge så stor. På Vestlandet, som har omlag 80 % av søtkirsebærproduksjonen, er kirsebærfluga eit svært lite problem. I Telemark er kirsebærfluga eit problem i enkelte område, medan fluga er eit større problem på Sørlandet. Aktiviteten til fluga er avhengig av sommartemperaturen, og med varmare somrar kan kirsebærfluga verte eit større problem fleire stader.

  • Kirsebærflue (Foto: O. Sørum)

Utsjånad

Dei vaksne flugene er svarte, har ein gul flekk på ryggen og har mønster i vengene.

Symptom

Frukt
Kirsebærfluga legg egget like under huda på søtkirsebæra, så det er vanskeleg å sjå om det er larver inni bæra. Utgangsholet til larvene kan sjåast som runde hol i bæra. Angripne frukter er mjuke og rotnar lett.

Skadepotensiale
I Noreg er ikkje populasjonen av kirsebærfluge så stor. På Vestlandet, som har omlag 80 % av søtkirsebærproduksjonen, er kirsebærfluga eit svært lite problem. I Telemark er kirsebærfluga eit problem i enkelte område, medan fluga er eit større problem på Sørlandet. Aktiviteten til fluga er avhengig av sommartemperaturen, og med varmare somrar kan kirsebærfluga verte eit større problem fleire stader.

Utbreiing

På Vestlandet, som har omlag 80 % av søtkirsebærproduksjonen, er kirsebærfluga eit svært lite problem. I Telemark er kirsebærfluga eit problem i enkelte område, medan fluga er eit større problem på Sørlandet.

Vertplanter

Søtkirsebær, leddved.

Livssyklus

Kirsebærfluga overvintrar som pupper i jorda. Dei vaksne flugene kjem fram i fyrste halvdel av juni, og startar paring etter om lag ei veke. Egglegginga startar om lag to veker etter klekking frå puppene. Ei ho legg gjennomsnittleg 200 egg, og vanlegvis berre eitt egg i kvart bær. Egga vert lagde like under skalet på bær som er gule eller i ferd med å skifte farge frå gult til raudt. Larvene går gjennom tre larvestadium inni bæret. Etter om lag tre veker er dei ferdig utvikla, gneg seg ut av bæra, slepp seg ned på jorda og forpuppar seg. 

Naturlege fiendar til kirsebærfluger er snylteveps, fugl som et larver både i bær og på bakken, biller som et larver og pupper på bakken, nemotoder på bakken som angrip larver og edderkoppar som et vaksne fluger.

STADIUM Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des
Puppe
Voksen
Egg
Larve
Puppe

Bekjempelse

Varsling
Gule limfeller virkar tiltrekkande på kirsebærfluge og kan nyttast for å undersøkje om kirsebærfluga finst i hagen. Feromonkapslar saman med dei gule fellene aukar fangsten i fellene.

Tiltak
Kjemiske tiltak bør rettast mot egg/svært nyklekte larver. Tiltaka bør setjast inn når bæra er gul/raude og etter ein varmeperiode.

Litteratur

Jaastad, G. 1994. First registration of the cherry fruit fly, Rhagoletis cerasi (L.) in Western Norway; distribution, size and origin of the population. Norwegian Journal of Agricultural sciences. 8, 203-214.

                                         Oppdatert 13. september 2013

Utbredelse
Utbredelseskart Utbredelseskart Utbredelseskart Utbredelseskart Utbredelseskart Utbredelseskart Utbredelseskart Utbredelseskart Utbredelseskart Utbredelseskart Utbredelseskart Utbredelseskart
Nært beslektet

Bilder


Kirsebærflue (Foto: O. Sørum)


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".

NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.

Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO