Utskrift 22.12.2024 12:08
Mange viklarar overvintrar som egg. Brun bjelleviklar, som tidligere het vanleg kartviklar, er eit døme. Skade på blom og frukter fører til avlingstap. Skadeterskelen for vanleg kartviklar er låg, då dei kan føre til stor skade på sjølve fruktene. Saman med skade av nattflylarver og målarlarver kan avlingstapet verte stort.
De vaksne viklarane har trapesforma forvenger som er lys brune med mørkare tynne tverrstriper. Hannen som har ein større mørk flekk på forvengen. Hannen er ca. 10 mm lang og har eit vengespenn på 15-18 mm. Hoa er større, ca. 12 mm lang og med eit vengespenn på 17-24 mm.
Hoene legg egga sine i flate 'kaker' på borken. Egga er grågrøne eller gråbrune på farge. Larvene er grøne med et mørkt framoverrettet hode og et mørkt nakkeskjold og blir 16-22 mm lange som fullvaksne.
Blad
Larvene kan gå inn i knoppar og skade blada før dei er folda ut. Typisk viklarskade er når blada er rulla saman til ein rull med undersida ut.
Blom
Viklarlarvene kan gå inn og skade blomeknoppar før dei er sprunge ut, og dei kan ete på blomane etter at dei er utsprungne.
Frukt
Brun bjelleviklar går ikkje inn i fruktene, men kan ete på fruktskalet. Gnagskade på ung kart fører til misforma frukter og korkceller i såret, på same måte som skaden laga av nattflylarver og målarlarver.
Skadepotensiale
Skade på blom og frukter fører til avlingstap. Skadeterskelen for brun bjelleviklar er låg (8-10 larver/bankeprøve), då dei kan føre til stor skade på sjølve fruktene. Saman med skade av nattflylarver og målarlarver kan avlingstapet verte stort.
Vanleg kartviklar fins på Austlandet, Sørlandet og på Vestlandet t.o.m. Sør-Trøndelag.
Eple.
Brun bjelleviklar og andre artar som overvintrar som egg klekkjer til larver mellom knoppsprett og bløming. Dei fyrste larvene som klekkjer et på knoppar. Seinare et larvene på blomar, blad og kart.
Viklarane har fleire naturlege fiendar som fugl, nebbteger, blomsterflugelarver, marihønelarver, gullaugelarver og snylteveps. Kjønnsferomonet for vanleg kartviklar er kjent og feromonfeller kan nyttast for å undersøkje kor mykje viklarar som finst i hagen.
STADIUM | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Egg | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Larve | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Puppe | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Voksen |
Tiltak bør rettast inn mot unge larver før dei har rulla seg inn i blada. For tiltak seinare vil truleg systemiske middel ha best verknad då larvene er godt gøymde.
Oppdatert 12. september 2013
Brun bjellevikler (Archips rosana) (Foto: E. Fløistad, NIBIO)
Viklerskade på blomsterklase, eple (Foto: O. Sørum)
Brun bjellevikler (Archips rosana) puppeskall (Foto: E. Fløistad, NIBIO)
Brun bjellevikler (Archips rosana) puppeskall (Foto: E. Fløistad, NIBIO)
Brun bjellevikler (Archips rosana) (Foto: E. Fløistad, NIBIO)
Brun bjellevikler (Archips rosana) (Foto: E. Fløistad, NIBIO)
Viklerskade på eple (Foto: O. Sørum)
Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelse. Plantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".
NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.
Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO