Utskrift 22.12.2024 11:12
Eplevepsen er utbreidd i Agderfylka og i Ryfylke. Larvene borar seg inn til frøa i karten, og dette fører til tidleg kartfall. Moderate angrep er eit godt tynningsmiddel for eple. Store angrep kan føre til avlingstap.
Den vaksne eplevepsen er brunsvart. Dei gulkvite larvene blir 12 mm som fullvaksne.
Eplevepsen er utbreidd i Agderfylka og i Ryfylke.
Blom
Egglommene ser ein ved basis av begerblad der egga vert lagde.
Frukt
Larvene borar seg inn til frøa i karten, og dette fører til tidleg kartfall. Ei larve kan øydeleggje opp til fire frukter. Inngangshol og larveavføring er synleg på utsida av karten. På modne frukter som ikkje dett av kan ein sjå «ringar» av larvegnag på utsida av frukta.
Skadepotensiale
Moderate angrep er eit godt tynningsmiddel for eple. Store angrep kan føre til avlingstap. Skadeterskelen i Sveits ligg på 20-30 veps pr limfelle for utsette sortar ('Gravenstein' og 'Discovery') og 30-40 veps pr felle for mindre utsette sortar.
Eple.
Eplevepsen overvintrar som larver i kokong i jorda. Dei forpuppar seg tidleg på våren. Dei vaksne kjem fram i april-mai, og er mest aktive i varmt og solrikt ver. Etter paring legg hoene egga, eit i gongen, i blomen. Egga svell opp, og klekkjer etter ein til to veker. Larvene borar seg inn i fruktemnet der dei et på frøa. Ei larve kan øydeleggje fleire eple. Dei fleste larvene er ferdig utvikla i juni-juli, då slepp dei seg ned på jorda der dei spinn ein silkekokong som dei overvintrar i.
Snylteveps som angrip unge larver og nematoder som angrip larver i diapause er viktige naturlege fiendar til epleveps.
STADIUM | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Larve | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Puppe | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Voksen | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Egg |
Det er utvikla feller som er basert på tiltrekkjande farge (kvit) for å registrere når og kor mykje epleveps som svermar. Desse fellene kan nyttast for å finne ut om ein har epleveps i hagen, og om populasjonen er så stor at ein bør gjere noko.
Skaden kan reduserast ved å fjerne angripne frukter før larvene har gått ut. Kvite limfeller kan brukast til utfangst, men det er då naudsynt med mange feller pr daa. Kjemiske tiltak bør setjast inn like etter egga er klekte.
Oppdatert 13. september 2013
Skade av epleveps (Foto: O. Sørum )
Skade av epleveps (Foto: O. Sørum )
Skade av epleveps (Foto: O. Sørum )
Skade av epleveps (Foto: O. Sørum )
Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelse. Plantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".
NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.
Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO