Utskrift 23.11.2024 21:15
Her i landet er det funne til dels omfattande skade på buksbom både i ein planteskule og i klyppegrøntfelt. Før den nye veksten kjem i gang om våren, vil blad i toppen av greiner verta gule til bronsefarga og infiserte greiner vil som regel visna litt frå tuppen og innover (Figur 1). Når ein kuttar i barken vil ein finna brun til svart misfarge. Ofte ser ein Volutella-infeksjon i samband med frostskade. Dersom det berre er ein lett frostskade, vil nye, friske blad etter kvart dekka over dei bronsefarga blada. I hagar, parkar og anlegg vert buksbom ofte forma. Såra etter slik klypping kan vera inngangssport for Volutella. Dersom Volutella er til stades, vil ein ved varmt og fuktig vær kunna sjå eit oransje til beige belegg på undersida av misfarga blad (Figur 2) og på skot. Dette er sporehopar som tyt ut frå sporehus (acervuli). Under kvart blad er det tusenvis av sporar som ved hjelp av vassprut frå regn eller vatning kan spreiast og infisera nye blad og skot på buksbom.
Både frå USA og England vert Volutella omtala som ein svak parasitt som berre kan etablera seg i skadd plantevev.
Infiserte plantedelar må klyppast bort. Pass på å klyppa nokre cm inn på friskt vev for å vera sikker på at det ikkje er sopptrådar (hyfer) igjen på skotet. Sporane kan fylgja med sakser, klede og hud, og klyppinga bør difor skje i tørt vær for å hindra spreiing og infeksjon. Det beste er å gjera dette på ei tid på året som det er for kaldt til sporeproduksjon. Januar og februar er difor truleg den beste tida dersom det er tydelege symptom. I alle fall bør det gjerast i god tid før nye knoppar bryt. Alt infisert plantemateriale bør leggjast i ein kompostbinge og dekkast over for å hindra sporespreiing eller på anna vis fjernast frå hagen/anlegget. Soppen trivest i fuktige, tette bestand. Buksbom er i seg sjølv tettvoksen, men ein kan sørgja for å planta med god avstand der det ikkje er snakk om hekkplanting.
http://www.bioforsk.no/ikbViewer/Content/69571/gke_101oe_Volutella.pdf
Oppdatert 11. november 2011
Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelse. Plantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".
NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.
Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO