Utskrift 21.11.2024 15:07
Kristtorn er viltveksande frå Aust-Agder til Nordmøre, og særleg i Rogaland og Sunnhordland er kristtorn vanleg. Bladfall og daude skot har vorte eit omfattande problem dei siste tiåra i Rogaland. Det vart også registrert omfattande bladfall og daude bær på grunn av Fusarium i kristtorn i Ryfylke i 2015. Problemet ser ut til å ha auka i takt med gjengroinga av kulturlandskapet.
I prosjektet "Betre skjøtsel av viltveksande kristtorn som grunnlag for betre plantekvalitet og større utbyte", finansiert av Norsk Genressurssenter, vart det i 2006 sett i gang eit forsøk med beiting av sau og betre stell i eit villbestand av kristtorn (Ilex aquifolium) i Rogaland. Bakgrunnen for dette var at bladfall og daude skot har vorte eit omfattande problem dei siste tiåra.
Overgrodde, tette plantebestand gjer at det tørkar seint opp etter nedbør og doggfall, noko som fører til eit mikroklima der Fusarium og andre soppar kan spreia seg og infisera nye plantedelar. Målet med forsøket var difor å opna opp bestandet og få inn meir lys og betra luftsirkulasjonen. Fire tiltak vart sett inn:
Sauerasen Suffolk stod for beitinga. Resultatene syner forsøksrute der plantinga var open og luftig etter at alle tiltaka var gjennomført, samanlikna med den overgrodde kontrollrute.
Etter at forsøket har gått i tre år, er det enno mykje daude skot og bladfall i alle rutene, men i slutten av oktober 2009 vart det observert bladrike, nye skot i toppane på tre som vart toppa i 2006. Også sjuke bær vart funne i feltet. Det var stor skilnad på kvaliteten på greiner på tre som hadde stått skuggefullt i det urørte området (kontrollruta), og tre der det var toppa, tynna, stamma opp, rydda og beita. Greiner som hadde fått rikeleg tilgang på lys hadde mange raude bær, medan dei som hadde hatt for mykje skugge hadde få bær med dårleg utvikla farge.
Sauen hadde halde gras- og krattveksten bra i sjakk, men ikkje bjørnebær (Rubus spp.). Bjørnebærris gjer det svært vanskeleg å ferdast i felta, så det vert difor truleg naudsynt å gå inn med glyfosat (Roundup) for å få kontroll med dette problemet.
Brukaren er så tilfreds med resultatet som er oppnådd ved å sleppa meir lys og luft inn i felta, at han har rydda eit område på 9 dekar og har planar om å rydda 15 dekar til i næraste framtid. Topping av trea gjer dei lette å hausta, og saman med oppstamming, tynning og fjerning av uynskja vegetasjon, vil dette truleg etter kvart føra til mindre soppangrep.
Publisert 10. juni 2010
Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelse. Plantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".
NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.
Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO