Utskrift 22.12.2024 16:48
Pæreskurv fins overalt der ein dyrkar kjernefrukt.
Pære.
Livvsyklus og biologi hos pæreskurvsopp og epleskurvsopp er svært like. Sjå difor også omtale under epleskurv. Dei første askosporane vert som oftast kasta kring knoppsprett om våren, med mest sporespreiing kring bløming. Greinskurv er ei mykje viktigare smittekjelde i pære enn i eple. Hos eple vil som regel greinskurven berre produsere konidar det første året etter infeksjon, men hos pære er det også vanleg med konidieproduksjon i to år gamle skot. Skadar etter greinskurv kan vera synleg også på eldre greiner, men produserar då ikkje konidiar lenger. Er det mykje greinskurv i hagen, må det sytast for dekking med soppmiddel ved alle fuktige periodar frå grøn spiss av. Nødvendige vilkår for sporekasting og infeksjon er mykje dei same som for epleskurv.
Symptom
Soppen dannar mørke flekkar på bladplata (over- eller underside) eller meir avlange mørkfarga parti langs bladnervar eller på bladstilkane. På skota startar greinskurv som mørke flekkar på unge, grøne skot. Seinare i sesongen vert desse skurvflekkane korkaktige, kreftliknade sår. Våren etter vert det danna mørke puter av soppmycel i desse såra. Mycelputene aukar i tjukkleik slik at barken sprekk opp, som oftast i lengderetninga av skota. Storleiken på såra vil som regel vere frå 1 mm til 1 cm. I mycelputene vert det danna store mengder konidiesporar. Det vil ofte vere skurv på fruktene utan at vi ser skurv på blada. Infeksjon under bløming og tidleg kartutvikling gir brunsvarte skurvflekkar. Kvar skurvflekk er i utgangspunktet resultat av infeksjon frå ein skurvspore. Er det fleire flekkar, veks dei etterkvart saman og dannar større felt med skurv. Frukter med mykje skurv kan verta misdanna og sprekk ofte opp. Infeksjon seinare i fruktutviklinga gir mindre og meir avgrensa skurvflekkar. Lagerskurv skuldast seine skurvinfeksjonar og gir avgrensa, nesten svarte skurvflekkar på frukta under lagring.
Skadepotensial
Sterke angrep av pæreskurv på fruktene kan i verste fall gi totalskade på avlinga (100 % fråsortert). Skurvangrep i blom og på kart kan gi auka blome- og kartfall. Greinskurvsår kan vere innfallsportar for frukttrekreft.
I økologisk dyrking og i privathagar bør ein berre planta skurvsterke pæresortar. Det vil fort oppstå vanskar med å kontrollere skurven på utsette sortar. I pære vert det lett mykje greinskurv som spreier konidiar frå tidleg om våren til seint på hausten. Nedsmitta tre av skurvutsette sortar vil vere smittekjelder som kan gi auka skurvproblem på skurvsterke sortar i same hage.
Sorten ’Philip’ har vore rekna som sterk mot skurv, men i nokre område (Ryfylke og Nordfjord) ser denne resistensen ut til å vere broten slik at ’Philip’ der no får mykje skurv. ‘Keisereinne’ og ‘Williams’ er rekna som svake sortar, mens ‘Conference’ og ‘Moltke’ er sterkare. Det er vanskeleg å gjere «rein» att ein hage som er nedsmitta av skurv. Det er difor svært viktig å unngå at skurven får fotfeste i hagen. Det er ofte lettare å starte med ei nyplanting enn å leggje om eksisterande hagar. Tiltak som reduserer mengda overvintra blad vil redusere smittepresset. Dette er nærare omtala under epleskurv.
I pære er likevel greinskurv den viktigaste smittekjelda. Den smittar heile sesongen og er vanskeleg å få kontroll med. Har ein fått greinskurv, er det viktig å fjerne denne ved ei tidleg skjering. Vanskot er særleg utsette for å utvikle greinskurv. Dette har samanheng med at korkdanninga går seinare i slike skot, slik at dei er meir utsette for infeksjon. Alle vanskot bør fjernast ved skjering. Hald trea opne ved skjering, det gir raskare opptørking. På stader med sein opptørking etter regn og doggfall vil det vere fleire og lengre periodar med fuktig bladverk, og med det betre vilkår for skurvinfeksjon.
Ver påpasseleg ved bruk av spreiarar til vatning. Vert det vatna for lenge i gongen, kan ein vatne på seg eit skurvproblem. Stopp vatning i tide slik at bladverket får tørke opp før det er fare for infeksjon.
Det fins fleire gode kjemiske preparat mot pæreskurv. Ved sprøyting etter varsel i pære bruker man det samme varslingssystemet som for epleskurv.
Hofsvang, T., Heggen, H.E. & Ørpen, H.M. 2003. Plantevern i frukt og bær. Integrert bekjempelse. Eple, pære, jordbær. Landbruksforlaget, Oslo. 128 s.
Røen, D., Brandsæter, L.O., Birkenes, S., Jaastad, G., Nes, A., Trandem, N. & Stensvand, A. 2008. Plantevern og plantehelse i økologisk landbruk. Bind 4 - Frukt og bær. Bioforsk FOKUS 3(7). 212 s.
Oppdatert 29. september 2013
Skurv i pæreblomst (Foto: R. Langnes, Planteforsk)
Pæreskurv (Foto: R. Langnes, Planteforsk)
Pæreskurv (greinskurv) (Foto: R. Langnes, Planteforsk)
Pæreskurv (Foto: E. Fløistad, Bioforsk)
Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelse. Plantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".
NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.
Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO