Utskrift 22.12.2024 12:14
I 2008 vart det for fyrste gong i Noreg observert rustsopp på stauden parksvineblom (Senecio nemorensis ssp. fuchsia) i Halden kommune i Østfold. Året etter var skadeomfanget omfattande, og soppen vart då identifisert til Coleosporium tussilaginis. Denne rustsoppen er rapportert frå fleire slekter og artar i korgplantefamilien (Asteraceae) både i Noreg og andre land i Europa, mellom anna frå ugraset åkersvineblom (S. vulgaris). C. tussilaginis vertvekslar med to-nåla furu (Pinus spp.).
På bladoversida til parksvineblom vert det gule (klorotiske) og etter kvart brune (nekrotiske) flekkar. Ved sterke angrep vert undersida av blada dekka med guloransje sporehopar (Fig. 1), og infiserte blad krøllar seg mot bladoverflata og visnar. På furunåler vil ein finna utvekstar som inneheld sporar. Veggen rundt desse utvekstane (peridiet) er kvit, etter kvart litt oppflisa og lett synleg på nålene (Fig. 2).
For rustsoppar som har vertskifte, kan det vera aktuelt å fjerna den eine vertplanta for å få kontroll med soppen. Til dømes vil det i dette nemnte tilfellet med rust på parksvineblom vera aktuelt å fella furu i nærleiken for at stauden skal halda seg frisk. Eit anna aktuelt tiltak for å halda smittepresset nede er å fjerna og destruera visent materiale frå staudane om hausten. I tillegg må ein passa på at det heller ikkje er smitta ugrasplanter av Senecio i nærområdet til furu.
Talgø, V., Gjærum, H.B., & Hansen, O.B. 2013. Coleosporium tussilaginis on Senecio nemorensis ssp. fuchsia in Norway. Online. Plant Health Progress doi:10.1094/PHP-2013-117-01-BR.
Fig. 1. Coleosporium tussilaginis under blad av parksvineblom. (Foto: Ole Billing Hansen)
Coleosporium tussilaginis på furunål. (Foto: V. Talgø, Bioforsk)
Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelse. Plantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".
NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.
Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO