Utskrift 21.11.2024 20:01
Sopp-ekspertane Henk van Kesteren (Nederland) og Roger Cook (England) gjorde oss i mai 2005 merksame på at soppen Pycnostysanus azaleae (syn. Briosia azaleae) fins på Rhododendron her i landet. Soppen er funnen på Jeløya ved Moss og i parken ved Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB) på Ås. Den fører til at infiserte knoppar og skot visnar, og vi har førebels valt å kalla sjukdomen knopp- og skotvisning på rododendron ("bud and twig blight" på engelsk). Sjukdomen er velkjent frå nordlege statar i USA og er vanleg i England, Nederland og andre europeiske land.
Soppen Pycnostysanus azaleae infiserer unge knoppar og skot. Knoppane vert brune og opnar seg ikkje om våren. Året etter infeksjonen vert knoppane dekka med svarte sporeberarar (Figur 1 og 2). Sporeberarane kjem til syne tidleg på våren og er lett synlege utan lupe. Knoppane tørkar inn og det kan gå 2-3 år før dei fell av plantene. Knoppskjella vert etter kvart sølvgrå (Figur 2).
Sjukdomen vert overført av sikaden Graphocephala fennahi. Dette insektet vart i 2002 funnen på rododendron så langt nord som Danmark, men er så langt ikkje registrert i Noreg. Sikadane er 8-9 mm lange, og dei er svært fargerike; gult hovud, blågrønt bryst markert med raudt og gult, raud bakkropp, blågrøne forvenger med raude striper og grålege bakvenger. Om hausten (august-oktober) legg sikadane egg i sprekkar mellom/i knoppskjella. Soppsporane som sikadane dreg med seg spirer i hol (sår) etter egglegging. Egga klekkjer om våren, og dei små nymfene slår seg til under blada på rododendron. Her går dei gjennom fleire nymfestadium. Nymfene er kvite til gulgrøne, men elles liknar dei på dei vaksne sikadane. Dei er relativt lite mobile som unge individ.
Frå USA vert det tilrådd å fjerna infiserte knoppar seint på hausten eller tidleg om våren. Ein må då klyppa godt inn på frisk ved på skota for å unngå at det sit att smitte (hyfer/sopptrådar). Soppen overlever lenge i daudt plantemateriale, så ein bør brenna eller varmkompostera alt ein klypper bort. Dersom det er eit stort problem med mange daude knoppar, vert det i litteraturen tilrådd å sprøyta med eit insektmiddel mot sikadenymfene, men så lenge sikaden ikkje er påvist her i landet, er det uaktuelt og sprøyta. Alle artar og sortar av rododendron ser frå utlandet ut til å kunna vera vertplanter, men sikaden føretrekkjer sortar og hybridar av arten Rhododendron catawbiense.
Ved Bioforsk Plantehelse vil vi gjerne ha tilsendt plantemateriale ved mistanke om funn av P. azaleae rundt om i landet. Eventuelle observasjonar av sikaden er også av interesse.
Oppdatert 27. april 2011
Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelse. Plantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".
NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.
Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO