Utskrift 22.12.2024 01:21
I 2001 vart soppen Cryptocline taxicola funnen på barlind (Taxus baccata) i Ås, Akershus for første gong i Noreg. På det tidspunktet hadde soppen mellom anna vorte rapportert frå Tyskland og Canada. Etter 2001 har C. taxicola ved fleire høve vorte funnen i grøntanlegg både på Aust- og Sørlandet, mellom anna på Dømmesmoen ved Grimstad i 2005. I vekstsesongen 2016 vart det observert meir skade enn nokon gong tidlegare ved fleire lokalitetar i Oslo og Akershus.
Soppen angrip årsskot og dannar sporehus (acervuli) på begge sider av nålene. Ein kan sjå soppen (sporehus) på relativt grøne nåler, men dei vert etter kvart brune. Når ein legg infisert bar nokre dagar i fuktkammer (100 % relativ luftfukt) ved romtemperatur, vil det veksa fram sporehus, og overhuda (epidermis) på nålene vil då sprekka opp. Sporane kjem til syne som ein kremfarga masse som tyt ut frå sporehusa. På tørre nåler ser sporehusa mørke og innsokne ut.
Cryptocline taxicola angriper barlind (Taxus)
Soppsporane vert produserte i fuktig vær og spreidde med vassprut. Sidan angrepa skjer på nåler på årsskot, er det rimelig å tru at smitten skjer om våren når dei nye nålene er mjuke og under utvikling.
Ingen tiltak er tilrådde i det vesle som er av litteratur om denne soppen, men truleg er det viktig å fjerna bar som har angrep for å få ned smittepresset før dei nye nålene bryt.
Talgø, V. Ørstad, K. & A. Stensvand 2004. Ny soppsjukdom på barlind. Gartneryrket 101(1): 23.
Publisert 5. mai 2017.
Barlind med angrep av soppen Cryptocline taxicola. (Foto: E. Fløistad, NIBIO)
Sporehus og sporemasse av soppen på brun nål av barlind (Foto: E. Fløistad, NIBIO)
Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelse. Plantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".
NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.
Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO