Utskrift 22.12.2024 05:55
Kraftige angrep av eplebladmidd på eple kan føre til korkskade/rustskade rundt begeret. Nokre sortar ser ut til å vere særleg utsett for skade av eplebladmidd på fruktene. Faren for skade er større dersom det er lite rovmidd i trea.
Eplebladmidden er svært liten, mindre enn 0,2 mm. Kroppen er langstrakt, med berre to par bein som går ut nær hovudet.
Austlandet, Sørlandet og Vestlandet.
Blad
Blada får ein bleik farge og vert gjerne buklete. Håra på undersida kan få ein gulaktig farge. Krafige angrep kan føre til sølvfarga blad som vert brune/bronsefarga etterkvart.
Frukt
Kraftige angrep kan føre til korkskade/rustskade rundt begeret.
Skadepotensiale
Nokre sortar ser ut til å vere særleg utsett for skade av eplebladmidd på fruktene. Faren for skade er større dersom det er lite rovmidd i trea.
Eple og pære.
Eplebladmidden overvintrar som vaksne bak bladknoppar på årsskot. Dei kjem fram tidleg på våren. Eplebladmidden lever av å suga plantesaft frå undersida av blada. Dei sug også på kart, og suging av bladmidd er ein av årsakene til korkdanning på eple. Eplebladmidden legg egga sine på undersida av blada, og gjennom sommarsesongen har dei dei 4-5 overlappande generasjonar, avhengig av temperatur.
Eplebladmidd har rovmidd og rovgallmygg som naturlege fiendar.
STADIUM | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Voksen | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Egg | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Nymfe | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Flere generasj. |
På same måte som for frukttremidd kan god bestand av rovmidd, t.d. Typhlodromus pyri, redusere bestanden av bladmidd. Av kjemiske tiltak er sprøyting med eit middmiddel eller to sprøytingar med svovel med ei vekes mellomrom tilrådd mot vaksne/nymfer. Sprøyting med svovel etter hausting kan også vere aktuelt. Skadeterskel er meir enn 6 av 30 blad med midd på bladoversida. Sprøyting med insektmiddel kan auke problema med bladmidd.
Oppdatert 12. september 2013
None (Foto: O. Sørum )
Eplebladmidd (Tegning: N.N.)
None (Foto: O. Sørum )
None (Foto: O. Sørum )
None (Foto: O. Sørum )
Eplebladmidd (Foto: E. Ruud)
Eplebladmidd (Tegning: N.N.)
Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelse. Plantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".
NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.
Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO