Utskrift 22.12.2024 16:06
Plommebladmidd er rekna for å vere eit av dei viktigaste skadedyra i konvensjonell plommedyrking. Plommebladmidden reduserar fotosynteseaktiviten i blada, kan øydeleggja veksten i unge tre og kan føre til skalskade (korkskade) på fruktene. Stor bestand av rovmidd vil redusere skade av plommebladmidd.
Dei vaksne middane er små, 0,16-0,17 mm lange. Dei er kvit-gule på farge og er avlange med to par føter som stikk ut framme.
Blad
Gulgrøne, 1-4 mm store flekker på bladoversida er typiske skadesymptom på føresommaren. Seinare kan blada verte sølvfarga på bladoversida og brune på undersida.
Skot
Sterke angrep kan føre til at mange knoppar på kvisten bryt, og at treet får ein «heksekost»-liknande vekst. Ved sterke angrep ser ein ljose, innsokne parti på årsskota.
Frukt
Det er fleire årsaker til korkskade på plommer, og ein av årsakene er sterke angrep av plommebladmidd. Nokre sortar er meir utsette for korkskade enn andre.
Skadepotensiale
Plommebladmidd er rekna for å vere eit av dei viktigaste skadedyra i konvensjonell plommedyrking. Plommebladmidden reduserar fotosynteseaktiviten i blada, kan øydeleggja veksten i unge tre og kan føre til skalskade (korkskade) på fruktene. Stor bestand av rovmidd vil redusere skade av plommebladmidd.
Sør-Noreg
Plomme og kirsebær.
Plommebladmidden overvintrar som vaksne under knoppskjell og i sprekker nær knoppane på eittårig ved. Ved knoppsprett kjem midden fram og byrjar suge saft av dei nye blada og seinare også av unge skot. Middane lever på undersida av blada.
Det er fleire overlappande generasjonar av midd og både egg og vaksne midd er til stades på bladundersida. Talet bladmidd aukar utover i sesongen. Ulike typar rovmidd er naturlege fiendar til plommebladmidden.
Varsling
Angrepet av plommebladmidd kan vere svært lokalt. Visuell kontroll av blad er beste måte å undersøkje om det er trong for tiltak. Skadeterskelen for eplebladmidd er sett til 6 blad av 30 med midd på bladoverflata, om den same skadeterskelen gjeld for plommebladmidd er ikkje undersøkt.
Tiltak
Sjå tiltak mot eplebladmidd.
Publisert 3. januar 2009
Plommebladmidd (Foto: J. Fjelddalen, SPV)
Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelse. Plantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".
NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.
Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO