NIBIO-logo

Logo Plantevernleksikonet

Utskrift 22.12.2024 11:22


Søking tar dessverre lang tid med Internet Explorer. Hvis du er utålmodig, vurder å skifte nettleser til for eksempel Microsoft Edge, Firefox eller Chrome.
organismeTreInitiator Sopp        Sekksporesopp        Småbegersopp        Kjølelagersopp

Kjølelagersopp

Neofabraea spp

SKADEGJØRER
SKREVET AV:
Jorunn Børve & Arne Stensvand
OPPDATERT:
22. februar 2018
Kjølelagersopp vert ofte nytta som felles namn på lageròte på eple som er årsaka av fleire soppar i slekta Neofabraea (denne heitte tidlegare Pezicula). Sjukdomen er også kjent under namnet Gloeosporium, som er eit tidlegare namn på det ukjønna stadiet av desse soppane. Symptoma er runde ròteflekkar, ofte med ein tydeleg mørkare ring rundt. Flekkane kan vera synlege allereie før hausting, men normalt utviklar dei seg på lager. Kjølelagersopp kan setja grenser for lagringstida til eple. Det er minst fire ulike soppartar som gjev slike symptom, og i alle fall to av dei finst i Noreg.
  • Eple med kjølelagersopp (Foto: J. Børve, NIBIO)
  • Kjølelagersopp på eple 'Aroma' (Foto: R. Langnes, Planteforsk)
  • Pære med kjølelagersopp (Foto: J. Børve, NIBIO)

Biologi

Neofabraea spp. overvintrar i små kreftsår i barken, i sår etter skjering, i fruktstilkfeste, infiserte frukter eller blad. Infeksjon av treet skjer gjennom sår, bladfeste etter bladfall og fruktfeste etter hausting. Soppane kan leva saprofyttisk på greiner, frukter eller blad. Det kjønna stadiet, askosporestadiet, er ikkje funne i Noreg.

Soppane vert spreidde med konidiesporar med vassprut over korte avstandar. Kondiane krev høg luftråme for å infisera. Soppane kan infisere frå før bløming, men typisk skjer infeksjon gjennom sår og lenticeller, særleg på ettersommaren og hausten. Høg temperatur om ettersommaren vert rekna som særleg gunstig for soppen, kanskje ved at lenticellene då vert opnare, slik at infeksjonar lettare finn stad. Soppen ligg latent og utviklar seg vidare først etter hausting.

Det er lite sannsynleg med spreiing til nye frukter på lager. Spreiing over lengre avstandar kan føregå med plantemateriale.

Vertplanter

Eple og pære.

Symptom

Nokre av artane som gjev kjølelagersopp, kan også vera årsak til mindre kreftsår på skot og greiner, men dette er ikkje vanleg å sjå i Noreg. Som regel er det lite angrep av desse soppane på fruktene før etter hausting. Før hausting kan det vera små, runde mørke flekkar i lenticellene (skalpunkta) som kan vera tidlege stadium i ròteutviklinga.

På lager utviklar kjølelagersopp sirkelrunde, brune flekkar med utgangspunkt i lenticeller. Ròteflekkane veks i diameter utover i lagringa og søkk litt saman. Flekkane kan etter kvart dekka store delar av frukta, særleg dersom fleire flekkar veks saman. Etterkvart vert det danna gråkvite til lyst brune konidiehopar (samlingar av sporar av det ukjønna stadiet til soppen) i ròteflekkane.

Symptoma på bitterròte kan minna om kjølelagersopp, men ròteflekkane av bitterròte er mørkare og ofte med oransje sporehopar.

Hjå mottakelege sortar som til dømes ’Aroma’, kan store delar av avlinga utvikla kjølelagersopp under lagring og omsetnad. Vanlegvis vert omfanget av roten større di seinare på året fruktene vert hausta og di lengre dei vert lagra.

Tiltak

Førebyggjande tiltak
Det er skilnad mellom sortar i kor mottakelege dei er for desse soppane. ’Aroma’, ’Gravenstein’ og ’Ingrid Marie’ er nokså utsette, men det er truleg viktigare om det er smitte til stades og om epla vert lagra lenge. Fjern frukter som vert hengande att i trea etter hausting. Smitten sit ofte på gamle fruktgreiner, så generelt godt skjeringsarbeid vil redusera smittepresset. Skjer bort og fjern daude greiner og greiner med alle former for kreftsår. På stader med sein opptørking etter regn og doggfall (lite utskifting av luft) vil det vera fleire og lengre periodar med fuktig bladverk. Dette gir betre vilkår for spreiing og spiring av konidiar. Ved skjering bør det sytast for opne tre som tørkar raskt opp.

Kalsium styrkar celleveggane i fruktene, og lågt kalsiuminnhald i fruktene gir auka problem med både fysiologiske sjukdomar og ròtesoppar. Det kan vere kalsiummangel i fruktene sjølv om treet tek opp nok kalsium frå jorda. Ei eller fleire sprøytingar av trea med kalsiumklorid (vegsalt) før hausting vil gi auka innhald av kalsium i fruktene og redusera problemet med kjølelagersopp. I økologisk dyrking er det restriksjonar på bruk av kalsiumklorid.

Di lengre fruktene heng på trea, di fleire infeksjonar vert det. Dessutan vert fruktene meir mottakelege for infeksjon etterkvart som dei mognar. Seint hausta frukt får difor ofte meir ròte som skuldast angrep av desse soppane. Frukt for lagring bør av denne og andre grunnar ikkje haustast for seint. Dei skal haustast før dei er ete-mogne slik at siste del av utviklinga fram mot mogning føregår på lager.

Utviklinga av ròten kan forseinkast ved rask nedkjøling av frukta etter hausting og lagring ved låg temperatur. Sjølv om kjølelagersoppar utviklar seg ved låge temperaturar, går utviklinga av ròten seint. Frukta bør difor lagrast ved så låg temperatur som mogleg, men ikkje så låg at det oppstår kjøleskadar. ’Aroma’ kan med føremon lagrast ved temperaturar ned mot 0 °C, men det aukar risikoen for blaut kuldeskade. Omfanget av denne fysiologiske skaden kan reduserast ved gradvis nedkjøling, til dømes ved å lagra frukta 1-2 veker ved om lag 10 °C før full nedkjøling. Lagring i kontrollert atmosfære (lågt innhald av oksygen (ofte 1-2%), høgare innhald av CO2 enn i luft (ofte 1-2%)) seinkar mogningsprosessen i fruktene og reduserer difor ròteutviklinga.

Ein del kjemiske middel brukt mot skurv gjennom vekstsesongen vil også verka mot kjølelagersopp. I utsette sortar er det vanleg å sprøyta nokre veker før hausting med middel som har god verknad.

              Publisert 27. september 2013

Bilder


Eple med kjølelagersopp (Foto: J. Børve, NIBIO)


Kjølelagersopp på eple 'Aroma' (Foto: R. Langnes, Planteforsk)


Pære med kjølelagersopp (Foto: J. Børve, NIBIO)


Om tjenesten

Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelsePlantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".

NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.

Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO