Utskrift 22.12.2024 16:49
Monilinia fructigena er årsak til ein brun og relativt fast og tørr ròte, som startar i eit sår og raskt kan veksa gjennom heile frukta. Etterkvart vert det danna lyse sporeputer, ofte i ringar sentrert rundt infeksjonsstaden. Når angrepet først har skjedd, kan soppen spreia seg vidare med kontaktsmitte frå frukt til frukt. Ròteutviklinga kan skje på treet eller etter hausting. Ved rotning på treet tørkar fruktene inn og dett av eller vert hengande att som «mumiar». Under lagring vert angripne frukter av eple som regel heilt svarte.
Gul monilia førekjem på alle fruktartane, men er meir vanleg å sjå på eple, pære og plomme enn på sur- og søtkirsebær.
Soppen overvintrar i infiserte stilkar, kreftsår og fruktmumiar på treet og på bakken. Seint om våren eller tidleg på sommaren vert det spreidd konidiesporar frå mumiane. Frukt som har ein skade, til dømes fuglehakk, insektskade, haglskade, sprekker eller liknande, kan raskt utvikla ròte. Når angrepet først har skjedd, kan soppen spreia seg vidare med kontaktsmitte frå frukt til frukt. Dette er spesielt viktig under lagring.
Når soppen utviklar seg på fruktene er det først små, vasstrukne flekkar. Etter kvart vert det ein brun, tørr råte. Gulkvite sporehopar veks fram i konsentriske ringar. På lager vert angripne frukter gjerne helt svarte. I sortar med mykje korkskade og sprekking kan gul monilia gjera stor skade på avlinga. Gul monilia kan gje fruktròte i søt- og surkirsebær, men det er oftast grå monilia som er årsak til fruktròte i kirsebær.
Viktige førebyggjande tiltak er å fjerna rotne frukter frå trea og å unngå at fruktene får sår som kan vera inngangsport for soppen. Gamle infiserte frukter bør fjernast. Prydeplesorten Dolgo som vert brukt til pollinering, er mottakeleg for gul monilia. Fruktene på denne sorten er store og bør fjernast, slik at dei ikkje vert ståande som viktige smittekjelder i trerekkjene. Sprøyting er gjerne naudsynt viss det har vore skadar etter til dømes hagl og insekt. Det finst fleire effektive middel som er tillatne i konvensjonell dyrking, men i økologisk dyrking og i privathagar finst det ikkje gode direkte tiltak.
Sjå også: Grå monilia.
Publisert: 22. september 2013
Gul monilia på eple før hausting (Foto: J. Børve, NIBIO)
Gul monilia på prydeplesorten Dolgo (Foto: J. Børve, NIBIO)
Gul monilia på pære (Foto: H.B. Gjærum, Bioforsk)
Gul monilia på plomme før hausting (Foto: J. Børve, NIBIO)
Gul monilia på eple (Foto: R. Langnes, Planteforsk)
Gul monilia på eple før hausting (Foto: J. Børve, NIBIO)
Gul monilia på plomme før hausting (Foto: J. Børve, NIBIO)
Gul monilia på eple (Foto: R. Langnes, Planteforsk)
Gul monilia i eplegrein (Foto: A. Stensvand, Bioforsk)
Gul monilia på eple (Foto: R. Langnes, Planteforsk)
Gul monilia på plomme etter hausting (Foto: J. Børve, NIBIO)
Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelse. Plantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".
NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.
Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO