Utskrift 21.11.2024 15:40
Lita plommebladlus er utbreidd i alle plommedistrikt, og er den mest vanlege bladlusarta i plommer. Små angrep av arten kan føre til sterk bladkrølling og stagnasjon i veksten.
Lita plommebladlus kan og gje skade på krysantemum i veksthus.
Stammora er brunstripete medan dei fyrste nymfene er lysegrøne på farge. Seinare generasjonar av hoer er grøne med gulaktige parti rundt kroppen. Ryggrøyra er korte og koniske.
Sør-Noreg.
Liten plommebladlus lever på plomme og slåpetorn (primærvert) og på ein rekkje korgplanter og andre, m.a. kløver (sekundærvert). Arten kan ha jordbær som vertplante, men angrepa døyr ut etter ein tid.
Lita plommebladlus overvintrar som egg. Egga klekkjer svært tidleg, gjerne før knoppsprett. Nymfene syg på basis av blomeknoppane, og straks knoppane opnar seg går bladlusa inn. På forsommaren vert det fødd vinga hoer som fyk over på sommarvertar innan korgplantefamilien. Om hausten vert det fødd hoer og hannar med vinger på sommarverten som fyk tilbake til plommer der dei parar seg og legg egg.
Skot
Angrep kan føre til at endeknoppen på skota dør ut.
Blad
Angrep fører til sterk bladkrølling med bladoversida ut og blad krølla innover mot midtnerva. Jamvel små angrep fører til sterk bladkrølling.
Blom
Store angrep kan føre til tidleg blomefall.
Skadepotensiale
Lita plommebladlus er utbreidd i alle plommedistrikt, og er den mest vanlege bladlusarta i plommer. Små angrep av arten kan føre til sterk bladkrølling og stagnasjon i veksten.
I veksthus
På krysantemum kan bladlusa gi vridde blad og misforma blomster og skot.
Sidan lita plommebladlus ofte gjer skade tidleg i sesongen er det viktig at det vert gjort visuell kontroll i plommehagane seinast rett etter bløming. Spesifikke plantevernmidlar mot sugande insekt kan nyttast viss behov (sjå plantevernguiden.no)
Publisert 16. januar 2009
Liten plommebladlus (Tegning: L. Hofsvang)
Liten plommebladlus har korte lyse ryggrør (Foto: N. Trandem. Bioforsk)
Liten plommebladlus gir bladkrølling. (Foto: N. Trandem. Bioforsk)
Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelse. Plantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".
NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.
Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO