Utskrift 21.11.2024 15:31
Kirsebærbladlus er årviss i alle søtkirsebærdistrikt. Ho har eit stort reproduksjonspotensiale, og kan gjere stor skade på unge tre og på nye skot på eldre tre.
Den vaksne kirsebærbladlusa er 1,8-2,6 mm lang og glinsande svart. Antennene er omlag like lange som kroppen. Pannetappane mellom antennene er små og avrundet. Indre og ytre del av antennene og beina er svarte. Ryggrøyra er svarte, lange og sylinderforma eller svakt koniske med tydeleg krage. Haletappen er trekanta eller kjegleforma med 6-9 hår. Nymfene er raudbrune til svarte.
Austlandet. Sørlandet. Vestlandet.
Skot
Ved sterke angrep kan skota verte forkorta og dei kan døy.
Blad
Angripne blad vert sterkt krølla med bladoversida ut. Blada krøllar seg med bladtuppen bøygd innover.
Frukter
Bladlusa kan vere i trea til ut i juni/juli, og ein kan finne lus på stilken og fruktene ved sterke angrep. Lusa skil ut honningdogg som gjer at stilken og fruktene vert klissete.
Skadeoptensiale
Kirsebærbladlus er årviss i alle søtkirsebærdistrikt. Ho har eit stort reproduksjonspotensiale, og kan gjere stor skade på unge tre og på nye skot på eldre tre.
Søtkirsebær (Prunus avium) og surkirsebær (Prunus cerasus) er primærvertar og mange urteaktige planter er sekundærvertar, bl.a. maure (Galium), augnetrøst (Euphrasia) og veronika (Veronica).
Kirsebærbladlusa overvintrar som egg ved knoppbasen. Egga klekkjer til stammødre rundt svellande knopp. Stammødrene føder levande, uvenga hoer som igjen føder levande, uvenga hoer osv. Fyrst i juni vert det fødd venga hoer som fyk over på sommarvertane (maure, augnetrøst og veronika). Ikkje alle fyk over på sommarvertane - nokon vert verande på søtkirsebær heile sesongen, men reproduksjonsevnen til desse vert redusert. På hausten vert det igjen født venga hoer, og desse fyk tilbake frå sommarvertane til søtkirsebær. Kirsebærbladlusa parar seg, og det vert lagt egg som overvintrar til neste vår.
Naturlege fiendar til kirsebærbladlus er nebbteger, marihønelarver, blomsterflugelarver, gullaugelarver, fleire parasitoider (snylteveps) og insektpatogene sopp i gruppa Entomophtorales.
Vegetabilsk olje mot egg like før klekking reduserar angrep av kirsebærbladlus. Kjemiske tiltak seinare i sesongen bør rettast mot uvenga nymfer/vaksne.
Oppdatert 13. september 2013
Kirsebærbladlus (Tegning: L. Hofsvang)
Kirsebærbladlus (Foto: E. Fløistad, Bioforsk)
Kirsebærbladlus (Foto: E. Fløistad, Bioforsk)
Plantevernleksikonet er en nettbasert tjeneste som omfatter informasjon om biologi og bekjempelse av skadegjørere, samt informasjon om en del nyttedyr. Plantevernleksikonet er gratis og uten forpliktelser for brukeren. Tjenesten er utviklet av NIBIO Divisjon bioteknologi og plantehelse. Plantevernguiden er en integrert del av tjenesten. Drift, oppdatering og videreutvikling av Plantevernleksikonet finansieres av handlingsplanmidler fra Landbruksdirektoratet og kunnskapsutviklingsmidler fra Landbruks- og matdepartementet. Bilder i Plantevernleksikonet kan kopieres og brukes dersom de er fra NIBIO-/Bioforsk-/Planteforsk-ansatte, og det refereres til rett kildehenvisning, f.eks.: "Foto: ... fra Plantevernleksikonet, E. Fløistad, NIBIO".
NIBIO har ikke økonomisk ansvar for tap som måtte oppstå ved bruk av tjenesten.
Plantevernleksikonet © 2024 NIBIO